Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Magi i ruinkyrkja og lyrisk Wang på Spor 5

MAIJAZZ, STAVANGER, 8. MAI 2022, DAG 2: Ruinkirken på Sola: Saksofonist Tor Yttredal, stordabuen som har gjort siddis av seg og bassist Roberto Bonati frå Parma i Italia har samarbeidd i mange år. Båe har kombinert skapande og utøvande verksemd med pedagogisk arbeid, og etter at Yttredal spelte på jazzfestivalen Parma frontiere med Bergen Big Band i 2011 har Bonati og Yttredal utvikla eit stadig tettare samarbeid. I fjor kom duoplata «Some Red, Some Yellow», og det var frå denne utgjevinga repertoaret til konserten i Ruinkyrkja vart henta. I meldinga av plata i Salt Peanuts, ført i pennen av redaktør Granlie, stod følgjande: «Stemningen endres etter en stund og vi får en sekvens som jeg bare lengter etter å høre i et stort og åpent kirkerom». Granlie hadde heilt rett. Denne musikken er som skapt for kyrkjerommet, og den 900 år gamle Ruinkirken er ikkje eit kva som helst kyrkjerom.

I tillegg til Roberto Bonati, bass og Tor Yttredal, saksofonar og bassklarinett hadde dei to fått med John Derek Bishop, elektronikk/live sampling. Dette er eit samarbeid av ny dato, men vonleg får trioen høve til å utvikla dei musikalske ideane, for deler av konserten gav repertoaret eit løft og ein vitalitet ein ikkje utan vidare kunne forventa etter så kort prøvetid. Både Bonati og Yttredal dekkjer ein brei klangpalett med arsenalet av treblåseinstrument (sjølv om bassklarinetten var samarbeidsuviljug) og bassen som blir traktert på alle tenkelege vis. Bishop greier med live samplinga og dei elektroniske verkemidla elles å gje musikken eit skiftande perspektiv. Det som likevel ligg i botnen gjennom heile konserten er dei mange lyriske og melodiøse temaa som Yttredal og Bonati hentar frå mange ulike epokar og musikktradisjonar.

Musikken på plata «Closeness» (2019) er laga som ei hylling til basslegenden Charlie Haden. Bassisten Ellen Andrea Wang, lytta mykje på plata til Haden, «Closeness Duets», og trioen, som også inkluderer Rob Luft, gitar og Jon Fält, trommer og perkusjon, framførte «Ellen David» – også kjent under namnet «Nightfall» med eit basskor som salige Haden heilt sikkert ville ha nikka anerkjennande til. Låtane på «Closeness» kom som perler på ei snor – ikkje i same rekkjefølgje som på plata – men bygd opp med sikker sans for dramaturgi. Høgdepunktet var tvillaust Wangs framføring av Ornette Colemans ikoniske «Lonely Woman» med tekst av Margo Guryan. Wang har greidd å setja sitt stempel på denne låten, og skulle det lagast ei cover-samling av denne låten, vil Ellen Andrea Wang vera sikra ein plass.

Sjølvsagt slutta konserten med reggae-versjonen av Lyle Mayes, Pat Metheny og  David Bowies «This Is Not America» der alle tre trør til vokalt. Ekstranummer blei det sjølvsagt også plass til, og konserten tona ut med spiritualen «Wayfaring Stranger». Ein fantastisk konsert som også let etter seg nokre spørsmål. Luft er ein gitarist med frapperande teknikk, og virtuositeten med pedalar og effektboksar er om mogeleg endå meir imponerande, men med nettopp denne blendande teknikken ligg det ein fare for å meddela for mykje for ofte. Spesielt i eit konsept som hyllar Charlie Haden, ein musikar som sa mykje med få tonar, er tilnærminga til Luft problematisk. Eg oppfatta Fälts uttrykk som dels eit svar på Lufts tonegyteri. Spesielt koret på «Strange Flower» var mykjeseiande, men dette vesle atterhaldet endrar ikkje hovudinntrykket – dette var medrivande musisering på øvste hylle!

Tekst og foto av Ellen Andrea Wang: Lars Mossefinn
Hovedbilete: Maijazz


Robert Luft, Ellen Andrea Wang og Jon Fält i Closeness Trio

 

Skriv et svar