Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Moers med tiningsverk som opning

MOERS FESTIVAL, MOERS, TYSKLAND, 13.05.2016: Den 45. jazzfestivalen i Moers byrja fredag den 13. mai med tingingsverk av den tyske fiolinisten og perkusjonisten Carolin Pook. Pook var tildelt det ærefulle oppdraget å vera residerande artist, og sidan januar har ho budd i Moers fullt oppteken med å førebu tingingsverket. Ho hadde samla sju andre kvinnelege fiolinistar og kalla verket «Pezzettino 8» (italiensk for ein bit av noko, tekstutdrag etc).

Det byrja famlande, og det var vel kanskje intensjonen? Det heile var mest som ein musikalsk variant av flasketuten peikar på. Det skifte mellom improviserte og skrivne sekvensar, og litt ut i konserten i eit notert parti der fiolinstemmene elegant og variert fletta seg inn i kvarandre, sparka islandske Una Sveinbjarnardóttir i gang ein groovande finale.

Heile ensemblet hadde i tillegg til fiolinen ei spesialbygd basstromme til disposisjon. Basstromma var ei bruskasse der ‘skinnet’ var ein pizzakartong! Kombinasjonen ‘basstromme’ og fiolin skapte ein effektiv kontrast i musikken.

I finalen sette Pook seg bak trommesettet som ensemblet heile tida hadde omkransa, og musikken fekk ny intensitet. Det gjekk mot eit kaotisk klimaks som blei avløyst av ei heilhjarta tilbakevending til grooven. Publikum var rause med applausen.

Folkemusikaren og multiinstrumentalisten Sam Amidon (35) frå Brattleboro i Vermont blei inkludert i festivalprogrammet berre for nokre få veker sidan. Kanskje nokon kjenner til Amidons to plater på Nonesuch? Eller samarbeidet hans med Bill Frisell? For meg var han fram til fredag  heilt ukjend.

Amidon platedebuterte «Solo Fiddle» allereie i 2001. Han har vore med i det islandske musikarkollektivet Bedroom Community. For tida er han busett i London.

Konserten blei ein ganske springande affære på 30 minuttar. Han skifta mellom banjo og gitar og mellom tradisjonelt stoff og sjølvlaga. Stemma høyrdest ut som ei ru utgåve av James Taylor, men han tillèt seg ein del vokale eksessar som ein ikkje finn i ‘verktøykassa’ til Taylor. Konserten blei litt heseblesande. Truleg ville Amidon presentert seg frå ei betre side med band og litt betre tid.

Jóhann Jóhannsson er ein islandsk komponist som er best kjent for den Oscar-nominerte musikken til James Marsh sin film «The Theory of Everything». I 2014 drog Jóhannsson til South Georgia og South Sandwich øyane for å filma dyreliv og natur i denne ugjestmilde men vakre delen av verda. Med handhalde kamera og svart/ kvit film i super 8-format laga han kortfilmen «End of Summer». Filmmusikken består av elektronikk, vokal og cello.

Meininga var at filmen skulle visast og musikken framførast live av Jóhannsson, Híldur Ingveldadóttir Gudnadóttir og Robert Aiki Aubrey Lowe. Rett før festivalstart blei Jóhannsson akutt sjuk og blei lagt inn på sjukehus. Dei to andre gjennomført konserten.

Det blei ei spanande reise inn i eit karrig, aude landskap med eit yrande dyreliv dominert av pingvinar, sjøløver, selar og måse. Gudnadóttir innleidde med eterisk vokal og spreidde strøk på celloen oppå ein lagnadstung drone frå Lowe. Musikken blanda seg med reallyden frå filmen, og det kunne til tider bli utilsikta kaotisk, men i det store og heile gav musikken ein dimensjon til filmen som gjorde den endå meir uutgrunneleg. Spesielt mot slutten skapte dei ein vokalsekvens med klaustrofobisk tett harmonisering som perfekt matcha bileta av fjell både av stein og is. Ein kunne ynskt seg eit noko større format på lerretet…

Kvelden blei avslutta i beste partystil med No Bullshit Brass Band frå Richmond i Virginia. Ti blåsarar (heile fire trombonar!) og ein trommeslagar sameinte tradisjonen frå New Orleans med funk, rap og tungrock (!) Nett det publikum trengte ved midnattsleitet.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.