Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Mona Krogstad leverer – også på scenen

BERGEN JAZZFORUM, SARDINEN, 16. SEPTEMBER 2022: Etter ein lengre trommeintro sparka hovudpersonen konserten i gang med opningslåten frå debutplata Virgo Sun, «Umbria». Mona Krogstad (tenorsaksofon) har her som på plata god hjelp av Joakim Rainer Peteresen (piano og synth) og Veslemøy Narvesen (trommer). Bassisten på plata er erstatta med Erik Grønnesby. Det var ein engasjert kvartett eit overraskande talrikt publikum fekk møta, og publikum viste å setja pris på det dei fekk høyra.

«Umbria» er ein oppstemt låt fylt med ein smule patos, men eit dvelande og ettertenksamt pianokor og ein tenorsolo i det nedre registeret understreka ambivalensen i låten. Dei følgde opp med «Lullaby». Krogstad er eit komponisttalent, og balladen er både fengande og intrikat i forma, og det fragmenterte tenorkoret hadde klare trekk frå ein av Krogstad sine idol, Wayne Shorter.

«Sailor Man (Where Do You Go)» er ei hylling til faren som kom hit frå Vietnam som båtflyktning i 1979. Det blir ei spaning mellom den stumpe bassfiguren og temaet framført på tenorsaksofon, og det frie midtpartiet er med å forsterka dramaet i låten. Ein annan av desse nydelege balladane er tittellåten «Virgo Sun» der både bassisten og pianisten fekk vist fram den lyriske sida ved seg.

Pianointroen på «Song for Solveig» er gjort av ein som kan sin Bill Evans. Temaet blir introdusert av Krogstad rubato og Grønnesby og Narvesen legg ein groove i medium tempo som Petersen nytta som springbrett for eit gneistrande pianokor. Etter at dei hadde vore innom temaet att, avslutta Narvesen låten med eit av sine velformulerte trommekor. Det høyrer med til soga at trommelyden på konserten var betre enn på plata! Det manifesterte seg tydelegast på den neste låten som var ny og enno ikkje hadde fått namn.

Konserten blei avslutta med låten «Kleopatra», og her er assosiasjonane og referansane til Wayne Shorters «Nefertiti» tydelege og uttalte av Krogstad sjølv frå scenen. Komposisjonen er utsøkt, men det mest minnerike frå framføringa var det lange og idérike koret til Krogstad.

Lydmann Tom Svendsgård hadde som vanleg eit godt grep om PA-lyden sjølv om ein frå fremste rad får meir enn nok direktelyd frå trommene og gjerne skulle hatt ditto frå bassen. Mona Krogstad er eit namn å merka seg. Denne kvartetten får me høyra meir til i åra som kjem.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

 

Mona Krogstad


Joakim Rainer Peteresen


Erik Grønnesby


Veslemøy Narvesen


Mona Krogstad Quartet

Skriv et svar