Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Mørkret senka seg

POESIFESTIVALEN, ELVATUN, ULVIK, 9. SEPTEMBER 2022: Susanna (Wallumrød) bestemte seg for at blendingsgardinene i det ærverdige ungdomshuset Elvatun ikkje trong vera for då konserten hennar med Baudelaire og Hofmo-repertoar byrja kl. 20.00. Konserten byrja i det beksvarte mørkret, men enda ein god time seinare med eit gryande ljos, men då hadde mørkret senka seg over Ulvik.

I 2011 gav Susanna ut Jeg vil hjem til menneskene, ei samling av tonesetjingar til 13 Gunvor Hofmo-dikt, på Grappa. I 2018 destruerte plateselskapet restopplaget og fjerna plata frå alle digitale plattformer. Susanna tok grep og gav ut demoar av det same repertoaret pluss to bonusspor i 2021. I 2020 kom Baudelaire & Piano, den utgjevinga som ligg tettast opp til uttrykket på konserten, og i år følgde ho opp med Elevation – nye Baudelaire-tekstar med hjelp frå Stina Stjern og Delphine Dora.

Konserten byrja med første låten på Elevation, «Alchemy of Suffering» etterfølgt av låten «Ensomhet II» med tekst henta frå Jeg vil hjem til menneskene (1946). Susanna var i det pratsame hjørnet og gav publikum ei fin innføring hennar arbeidet med stoffet, inkludert plunderet med Grappa. Også dei to påfølgjande var tonesette Hofmodikt, «Til stilheten» (Blinde nattergaler, 1951) og «Nattens veier» (Fra en annen virkelighet, 1948).

Susanna har nytta dei engelske omsetjingane til Anthony Mortimer av Charles Baudelaires hovudverk Les fleurs du mal. Den neste Baudelaire-teksten «Le Goût du néant» heiter «Longing for Nothingness» i Mortimers omsetjing.

Neste låt ut, «Forventning», er eitt av bonusspora på «demoplata» og er henta frå 1946-samlinga til Hofmo. Jernteppe kan sjølv den beste få, og Susanna tok det på strålande vis. Ho etterlyste ein sufflør blant publikum før ho leitte fram teksten og heldt fram som om ingenting skulle ha skjedd. Baudelaire-teksten som følgde vart meir aktuell enn planlagt: «Have patience, o my sorrow, settle down».

Det er ikkje tvil om at Jeg vil hjem til menneskene har betydd mykje for Susanna, og primalskriket «I en mørk natt» er ein av dei sterkaste dikta i samlinga. Her understreka Susanna bekmørkret med å nytta blokkakkordar. Å følgja opp med den morbide Baudelaire-teksten «Burial» verkar logisk, og Susanna blei verande i moduset med «Hva fanger natten».

Vegen mot ljosare tider byrja med tittellåten på den siste Baudelaire-plata Elevation. Det pussige augneblinksbilete frå Paris, «Det skjer» var ouverturen til avslutningsnummeret «Jeg vil hjem». Siste strofa i dette diktet er berre rein magi: «Jeg vil hjem til menneskene –/ som en blind/gjennomstråles i mørket/av sorgens stjerneskinn».

Susanna er ingen stor pianist, men saknet av Morten Quenild er ikkje altfor påtrengjande fordi pianokompet blir på eit vis trampolina og alt fokuset har ein på akrobatikken, dvs. i dette tilfellet stemma til Susanna. Stemmekontrollen er berre heilt suveren. Ho går i frå øvre til nedre register leikande lett og har ein nyanserikdom i fraseringane som er imponerande, men alt gjort med eit dedikert fokus på tekstane. Det hjelper også på å ha ein så god lydmann som Ingar Hunsgaar til disposisjon. Eg er sikker på at pianoet i Elvatun aldri har klunge så bra. Om nokon er i tvil – ein aldeles strålande konsert!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

 

Skriv et svar