Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Odveig Klyve provar at Bill Shankly hadde rett

POESIFESTIVALEN, ELVATUN, ULVIK, 11. SEPTEMBER 2022: Konserten med Morgonrode byrja litt for seint til at han kunne bli akkompagnert av vêrfenomenet bandet er kalla opp etter, men dei fem på scenen gjorde sitt beste for å kalla fram synet av den raude austhimmelen ved soloppgang for det indre auga vårt.

Helga Myhr (fele, hardingfele og vokal), Selma French Bolstad (fele, hardingfele og vokal) og Rasmus Kjorstad (oktavfele, langeleik og vokal) etablerte bandet som trio i 2015, men fekk etter eit års tid med seg Fredrik Luhr Dietrichson (bass) og Andreas Skår Winther (trommer). Kvintetten har to albumutgjevingar på samvitet, Morgonrode (2019) og Du milde verden (2020). Festivaljobbar har dei hatt i fleng for det er ikkje så lett å setja ein musikalsk merkelapp på dei. Repertoaret er sett saman av folkemusikk, men uttrykket er ispedd så pass mykje improvisasjon at dei fint høyrer heime på ein jazzfestival.

På konserten i Elvatun hadde den faste bassisten som nybakt tvillingpappa (gratulerer så mykje!) måtta kasta inn handkledet, men vikaren, Bárður Reinert Poulsen, tok plassen med bravur. Det er ikkje lett for bandet har utvikla arrangement med ei mengd detaljar som det er krevjande å halda styr på. Desse arrangementsdetaljane er gjerne dei elementa som fester seg i minnet. Allereie på opningslåten «Lilja ut i dalen» hadde Myhr og Kjorstad ein sekvens på harding- og oktavfele som sette ein groovy standard. Neste låt, «Den store verden», med postakokalyptisk tematikk i følgje French Bolstad hadde eit endå meir forseggjord arrangement som slutta med ein strykekvartett-sekvens som flyt ut i eit ganske fritt improvisert parti.

Repertoaret til konserten var henta frå Du milde verden om ikkje akkurat i den rekkefølgja dei kjem på plata. Flotte versjonar av både «Veslegut» og «Prinsessen» var høgdepunkt på konserten, men for meg blei tolkinga deira av Andreas Hessen Scheis «Swedenborgske rom» høgdepunktet. Låten er på Jaga Jazzists plate What We Must (2005). I det heile å koma på å laga ein versjon av denne låten med instrumentariet til Morgonrode samt den avsluttande vokalsekvensen, er godt gjort, og det funka som ei kule også i konsertversjon.

Forfattaren og filmskaparen Odveig Klyve gav i 2010 ut diktsamlinga Ballistisk med ballspelet som motivkrins. Historia blir måla med brei pensel, men etter kvar som me nærmar oss vår tid møter me storleikar som Dixie Dean, som i 1925 vart selt frå Tranmere Rovers til Everton for 3 000 £. I dei tolv åra han var i Everton spelte han 399 kampar og skåra heile 349 mål! Han har framleis skåringsrekorden i England i ein sesong (1927/28) med 60 mål. Haaland har m.a.o. noko å bryna seg på.

Ungarske Ferenc Puskás vert sett inn i ein kaldkrig-samanheng. Etter den sovjetiske invasjonen i 1956 hoppa Puskás av og blei ei stor stjerne i Real Madrid, men det var etter at han i perioden 1945-56 hadde levert sensasjonelle 84 mål på 85 landskampar. Overraskande tapte Ungarn VM-finalen i 1954 for Tyskland. Det første tapet til det ungarske landslaget på mest fire år.

Med skildringa av radarparet Manuel Francisco dos Santos og Edson Arantes do Nascimento, betre kjende som Garrincha og Pele, overskrid Klyve fotballmytologien og syner fram ljoset og mørkret – Pele som fekk ein evig plass i sola og Garrincha som oppsøkte mørkret og døydde 49 år gamal av skrumplever i alkoholkoma.

Den skotske fotballspelaren Bill Shankly som blei ein trenarlegende for Liverpool i perioden 1959-74, var ikkje berre god med ball, men også med ord. Eitt av dei mest kjende og mest feilsiterte munnhella etter Shankley er følgjande: «Some people believe football is a matter of life and death, I am very disappointed with that attitude. I can assure you it is much, much more important than that».

Det er nettopp dette Klyve gjer med fantastisk god hjelp av trompeteren Nils Petter Molvær ­– hevar fotballen og meininga med fotball opp frå fotballsamfunnets klisjear og ritual til å handla om det essensielle og inntil beinet eksistensielle: «Du er ballen du er foten du er/graset mot det svarte og kvite du er/vinden du er farten du er tida du er/sirkel du er linje du er punkt/du er tyngde du er det som stig og stig/og stuper inn mot ei veldig stille/inn mot eit brøl/formar ein lysande boge/i luft i hjernevev».

Molvær glir inn og ut av dette scenarioet, stundom lyrisk, distansert; andre gonger nært, pulserande, intenst groovande, men heile tida med ein framifrå kontroll. Klyve prøver ikkje på noko vis å leggja seg til ein maniert lesemåte, men innsatsane er heilt presise, men eg er ikkje sikker på om den sovjetiske keeperlegenda Lev Jasjin skal ha trykk på andre staving i etternamnet, men eg kan i alle år ha levd i ei villfaring.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

 


Morgonrode


Helga Myhr i Morgonrode


Selma French Bolstad i Morgonrode


Rasmus Kjorstad i Morgonrode


Klyve


Nils Petter Molvær

Skriv et svar