Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Så hatten passa

OSAFESTIVALEN, VOSS, ANDRE DAG: Silje Onstad Hålien er ein profilert dansar som har markert seg både på Det norske teateret, Riksteateret, Frikar og sitt eige kompani, Villniss. I framsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr», av Susanne Marko, er hovudpersonen på jakt etter eigen identitet. Hatten er metaforen for rolle, og spørsmålet hovudpersonen heile tida vender attende til er: «Avkledd alle hattar, kven er eg?»

På meisterleg vis svarar Onstad Hålien på spørsmålet for så sekundet etter å trekkja svaret i tvil. Djupast loddar stykket i spørsmålet om kjærleik og fridom kan la seg foreina. Samspelet med multiinstrumentalisten Anders Löfberg er framifrå i alle deler av stykket. Han trakterer cello og hardingfeler og syng attåt. På slutten er han dansepartner til Hålien. Den maktkampen som utspelar seg i denne sekvensen er eit absolutt høgdepunkt.

Stykket gjev Onstad Hålien høve til å spela på det kraftfulle og fysiske. I den intime Osasalen og med utsikt frå første benkerad, etterlet Onstad Hålien eit overveldande inntrykk. Og i ein eksprssiv halling fekk ho vist at ho ikkje har gløymt gamle kunstar, sjølv om ho er seks månader på veg!

Tekst og foto: Lars Mossefinn

 

Skriv et svar