Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Sommer og sirkus opna Ljubljana

LJUBLJANA JAZZ FESTRIVAL, 20.06.2016: Tysk trommesolo og fransk storbandsirkus innleidde årets jazzfestival i Ljubljana.

Günter Baby Sommer (bilete) heldt solokonsert, og Surnatural Orchestra, Cirque Inextrimiste og Tatiana Mosio-Bongonga stod for ei framsyning som blanda sirkus med storband. Ein opningsdag med stor spennvidde må ein ha lov å seia.

Festivalen, som slår vår eigen Moldejazz med eitt år i å vera den eldste jazzfestivalen i samanhengande drift, er trufast mot profilen som har prega festivalen ei årrekkje. Bogdan Benigar har fått med seg Clean Feed-direktøren Pedro Costa som kunstnarleg leiar og går vidare med støe steg.Günter Baby Sommer (73) er ein trommeslagar fødd og framleis busett i Dresden. Sjølv om vilkåra for jazz, og spesielt ikkje i ein avantgardistisk retning, var dei beste i det gamle DDR, var Sommer eit sentralt namn i europeisk frijazz gjennom trioen til Ernst Ludwig Petrowksy og med Conny Bauer og Peter Kowald. Han har jobba med alle dei store og har m.a. gjort ei duoplate med Cecil Taylor. Han har også samarbeidd med forfattaren Günter Grass. Dette er dokumentert på ei utgjeving frå 1988.

I fjor gav han ut soloalbumet «Dedications» som er ei hylling til trommeslagarar som har inspirert og påverka han. Konserten henta i stor grad repertoaret frå denne utgjevinga. Han byrja med Baby Dodds, gjekk vidare til Max Roach, Philly Joe Jones, Art Blakey og enda opp med dei to europeiske trommeslagarane Han Bennik og Paul Lovens. Innimellom la han inn eit par komposisjonar som ikkje er med på dedikasjonsplata, m.a. ein rubato sak til minne om ei ungdoms forelsking der han nytta heile perkusjonsarsenalet medan han nynna eit lite italiensk folkloristisk tema. Det meste var gjennomkomponert og stilisert. Det var aldri tvil om kva trommeslagar som blei hylla. Spesielt «Von Max für Max» var ei genial oppsummering av Roach sin stil i ein sekvens på knappe ti minuttar. Også kombinasjonen av ei bopfrase og eihands vispekomp som hylling til Philly Joe Jones var makelaus og morosam, og sjølvsagt hadde Sommer erstatta stikkene med marakas i hyllinga til Bennik, og marakasane blei programmatisk kasta i bakveggen då stykket slutta. Ein heilskapleg og gjennomarbeidd konsert som likefullt hadde improvisasjonsmusikkens energi og nerve.

Etter ei framsyning på 90 minuttar fekk Surnatural Orchestra, Cirque Inextrimiste (Yann Ecauvre og Rémi Bezacier) og linedansaren Tatiana Mosio-Bongonga publikum i ekstase. Det var ikkje sirkus akkompagnert av storbandmusikk og ikkje sirkusinspirert storband. Det heile var eit uttrykk som ikkje har tilpassa seg kunstkritikarane sitt katalogiseringssystem.

Medan folk fann plassane sine stod allereie eitt av bandmedlemmene på ein plank som låg på to oransje gassflasker. Han balanserte på planken medan han på klønete engelsk freista å få i gang ein samtale med publikum. Det mislukkast sjølvsagt. Framsyninga blei innleidd med ein sakte prosesjonsmarsj der medlemmene kom rullande inn på oransje gassflasker. Bandet let ok, men synet var smått utruleg.

Dei oransje gassflasken spelte ein sentral rolle som rekvisitt og perkusjonsinstrument. På ei litt større flaske la dei ein brei planke som musikarane sidelengs og rygg mot rygg gjekk opp på. Til slutt var heile bandet på planken, og han vippa opp i vater. Bongonga og Ecauvre dreia planken rundt og rundt medan bandet spelte. Igjen, musikken heilt ok, men settinga og synet var nesten ikkje til å tru.

Eit høgdepunkt var linedansinga til Bongonga. Dei brukte meir tid på å rigga til lina enn på sjølve ‘dansinga’. Mellom anna rekrutterte dei 20 publikummarar til å heisa opp lina. Desse 20 var på scenen heile tida medan nummeret til Bongonga gjekk føre seg. Den vesle guten som sat attmed meg var med og heldt i tauet. Etter andletet og blikket å døma hadde han hatt si livs oppleving.

Sjølv om til- og omrigging tok tid, greidde artistane på forunderleg vis å gjera rigginga underhaldande. I god fransk sirkustradisjon greidde dei på elegant vi å kopla balansekunst, klovneri, musikk med enkel scenografi og kostyme til eit heilskapleg uttrykk som må vurderast på heilt eigne premissar. Ein indikasjon på at dette må ha vore bra, er at eg ikkje så på klokka før eg vel var ute or ‘konsert’salen. Truleg den ultimate artisten for Ekstremsportveko på Voss.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.