Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Spilloppar + gravalvor = sant!

MAIJAZZ, STAVANGER, 11. MAI, SPOR 5: Humor i musikken er ikkje berre enkelt. Nokon som får det til å høyra og sjå ut som det mest naturleg i denne verda, er kvintetten Hegge. Bassisten Bjørn Marius Hegge hadde med seg Jonas Kullhammar (tenorsaksofon), Martin Myhre Olsen (sopran- og altsaksofon), Vigleik Storaas (piano) og Håkon Mjåset Johansen (trommer) til Maijazz. Dei same fem har vore med på dei tre platene bandet har gjeve ut; debuten i 2017 blei til og med løna med Spellemannspris.

Bjørn Marius Hegge elskar ordspel og titlane på låtane har ofte ein humoristisk vri. Bandet fornekta seg ikkje på Spor 5 heller. Kullhammar illuderte eit monsterinnsekt frå eit eller anna sc-fi-univers med å nytta noteljosa som følehorn. Annonseringsmikrofonen låg framme på scenen og blei levert til Hegge som ein mini fakkelstafett. Han sa stort sett ingenting, og mikrofonen vart transportert attende på same vis.

Før ekstranummeret «Feeling» hadde Kullhammar framførte ei surrealistisk kjærleiksforteljing om han sjølv og Hegge (bassisten, ikkje bandet). Under vegs har det heile tida ein kontinuerleg leik med musikken. Temaa blei delte opp og stokka på,  rytmikken har heile tida gjenstand for manipulasjon. «My Bromance» snubla låghalt av garde før Storaas drog i veg med eit av sine mange kreative kor.

Denne humoren må ikkje forvekslast med den kalkulerte, innstuderte og repeterande stand up-varianten. Dette er impulsiv barnleg humor som slår over i eit intenst engasjement i neste augneblink. I «Ben’s Treat» og koret til Kullhammar var alt tull og tøys gløymt. Det var som heile den amerikanske jazzkanonen strøymde gjennom hornet til Kullhammar. Når han på tampen av koret transponerte opp og la inn spurten, visste alle som var på Spor 5 at dette var det me alle var komne for å høyra. Den påfølgjande melodiøse og harmonisk enkle balladen «Vart är Egil» hadde same inderlege alvoret ved seg. Ironien er snublande nær å ty til, men her var alle lojale til siste akkord. Det høyrdest ut som dei var løna av Frelsesarmeen for å spela det dei spelte.

Det var fem musikarar som hadde det utruleg morosamt i selskap med kvarandre. Dei gav alt, og eit fullsett Spor 5 gav entusiastisk uttrykk for takksemd.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Jonas Kullhammar og Martin Myhre Olsen


Vigleik Storaas

Skriv et svar