Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

The Wayfarers og Hárr

MAIJAZZ, STAVANGER, 12. MAI, SPOR 5: The Wayfarers med Eyolf Dale (piano), Per Zanussi (bass) og Audun Kleive (trommer) kom ut i januar i år og er framleis ein av dei sterkaste plateutgjevinga i 2023. Det var såleis all grunn til å innfinna seg på Spor 5 til eit sjeldant møte med trioen. Det var også frå den siste plata dei henta opningslåten «Woodland Walk» der Dale og Kleive tel ned før det karakteristiske temaet blir servert i porsjonar og samtalen mellom Kleive og Dale blir meir oppheta medan Zanussi legg eit fundament. Den raske «Northern Brewer» er henta frå den første plata Being. Her uttrykkjer trioen seg meir konvensjonelt, og Dale viser fram sansen sin for Chick Corea. Det hissige vispespelet til Kleive er heilt sentralt.

Ofte er det slik at Dale og Kleive utfordrar kvarandre medan Zanussi er ankerfestet, men i tredje låten dannar Bass og trommer ei stram line som Dale utfører akrobatikken sin på før det utviklar seg mot hovudmønsteret. Den vakre balladen «Hidden Treasures» er vel kanskje den mest Evanske i all sin harmoniske eleganse med eit aldeles nydeleg basskor som Dale følgjer opp. På plata følgjer «The Homestead» litt same spor, men her introduserte Dale låten på meire Monks vis. Bass- og pianokora vov saman flotte melodilinjer, og Dale tok med seg Kleive til nye høgder. «Fields of Kiev» med ein Chopinsk intro blei framført på utruleg dynamisk vis og Dale og Zanussi følgde opp etter ein impresjonistisk intro med vemodig sogeforteljing i Jarrett/Haden-klassen med den ettertenksame «After The Party».

Eg har allereie nemnt vispespelet til Kleive. I «Behind The Curtains» nådde det toppunktet både med dynamikk, drama og kompleksitet. Lydmann Sven Person skal ha sin del av æra for at det blir så bra. Trioen avslutta med den meditative balladen «Forward from Here» med den karakteristiske stakkato fraseringa til Dale og den innsmigrande valsen «Rhône» som dei løfta til intenst nivå før dei brått var attende til utgangspunktet.

Sjølvsagt blei det ekstranummer innleidd med ein trommevirvel og eit skarptromme- og hi hat-spel som sjølvaste Max Roach ville ha nikka anerkjennande til.

Hárr med Benedicte
St. Petri kirke: Eg har vore på tre konsertar med Benedicte Maurseth (hardingfele) det siste halve året. På Osafestivalen i fjor haust hadde ho premiere på framsyninga Systerspel (som er sceneversjonen av boka med same namn). Dette handlar om den gløymde norske spelkvinnetradisjonen som skriv seg attende til 1700-talet. I vinter hadde ho sleppkonsert for boka og CD-samlinga Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang saman med Knut Hamre, Annlaug Børsheim og Lajla Renate Buer Storli. På Maijazz var det duka for eit møte med tingingsverkkomponisten Maurseth.

Hárr er det norrøne namnet på det karakteristiske fjellet Hårteigen på Hardangervidda og namnet på tingingsverket ho leverte til og urframførte på Hardanger Musikkfest i 2019 med god hjelp av Håkon Stene (vibrafon og perkusjon) og Mats Eilertsen (bass). Morten Quenild (tangentar) kompletterte bandet. Musikken kom ut på plate vinteren 2022 og vann Nordisk musikkpris same år.

«Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev      og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning   om noko anna, større enn oss sjølv». (Benedicte Maurseth)

I kyrkja i går blei musikken framført i lengre strekk utan kommentarar eller introduksjon. Den rike klangpaletten med det tilhøyrande overtoneregister fann eit godt resonansrom i kyrkja. Lydteknikar Ingar Hunskaar hadde i tillegg til den ordinære lydmiksinga også ansvaret for å formidla lyden av reinsdyrsbjøller, heiloen, bølgeskvulp, fossebrus og intervju med Benedictes tippoldefar Franz Gustav Andersson Törna (Sæbø) frå Nord Sverige, og oldefar Leif Maurseth, som var veidemenn og tamreinsgjetarar, og på mange vis sumerar opp visjonen bak heile verket.

Bandet hjelper Maurseth på solidarisk vis å fram visjonen bak verket, og konserten blei toppa i tredje del innleidd med låten «Reinsdyrbjøller» med ein solo av Mats Eilertsen spelt med boge. Har eg høyrt Eilertsen betre? Kanskje. Eg kan berre ikkje minnast når, men dette koret har skrive seg inn i undermedvitet.

Hárr viser fram perspektiva som blir vekke med ski- og fjellheisar, moderne hyttefelt, snøskuterar og andre kjelder til ljos- og lydureiningskjelder. Det var tid for ettertanke i St. Petri i går kveld. Kvartetten og lydmann Hunskaar skal ha stor takk for ei framifrå musikalsk meditasjonsstund.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto; Anders Lillebo


Benedicte Maurseth og Mats Eilertsen

Audun Kleive


Per Zanussi

 

Skriv et svar