Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Theo Croker på misjonsferd

NORTH SEA JAZZ, ROTTERDAM, 8.JULI 2022: (Festivalen tjuvstarta torsdag med ein konsert med John Legend som etterkvart blei ein skikkeleg musikalsk opptur med «Bridge over Troubled Water» som det lysande høgdepunktet.) På fredagen kunne festivalen på ny invitera til helgefestival i kongressenteret Ahoy med gode 50 konsertar fordelt på 14 scenar.

Eg bestemte meg for å lytta nærare på ein del av den unge garde av nederlandske og belgiske musikarar som alle var sette opp i lokalet Yenisei. Først ute var Mo van der Does Motet. Orkesterleiar Mo van der Does (klarinett og altsaksofon). Han har allereie motteke fleire prisar, og i 2020 gav Bimhuis (jazzarena i Amsterdam) han eit komposisjonsoppdrag. Det var resultatet av denne tinginga han hadde med til festivalen.

Med i bandet var elles Jessie Brevé (bassklarinett), Matthias van den Brande (tenorsaksofon), Suzan Veneman (trompet), Timothy Banchet (piano), Tijs Klaassen (bass) og Wouter Kühne (trommer). Naturleg nok fester ein seg ved sider av det komponerte og ensemblesounden, samspelet o.s.v. Van der Does har eit overraskande moge grep om den delen av jobben og leia ensemblet på diskret vis gjennom materialet på plata «Motet» (Dox Records). Han utnyttar instrumentariet effektivt og voicinga var gjort smakfullt – av og til veldig stramt og stundom motsett. Stilistisk kan ein kanskje plassera han i ein moderne mainstream-tradisjon med klare påverknader frå Ellington. Solistisk var standarden høg, men ingen greidde å framkalla hakesleppet. Svært hyggeleg møte og god start på festivalen.

Gary Bartz har i seinare år spelt med ein del yngre musikarar utanfor jazzidiomet. På festivalen var det duka for Bartz og jazz/funk-bandet Maisha. Musikken var rubrisert under «sjangernemninga» «Spiritual jazz». Når eg omsider kom meg ut i teltet var Bartz i ferd med å framføra ein overstadig svulstig tekst, og eg tenkte at dette var sikkert grunn til at festivalorganisatorane hadde teke med «spiritual», men bandet og Bartz var i kjempeform og i den funky «The Stank» spelte han inspirert og herleg Ornette’sk.

Ambrose Akinmusire Quartet er eit av ensembla som er med å setja standarden i dagens jazz. Sjølv har Akinmusire stålkontroll på trompeten og det nyanserike spelet syg merksemda di heile tida. Heldigvis er han ein orkesterleiar som lar bandmedlemene få godt olbogerom. Han hadde med seg Fabian Almazan (piano), Harish Raghavan (bass) og Timothy Angulo (trommer), og alle leverte framifrå. Det skal seiast at eg ikkje alltid er like begeistra for trommekor som ligg oppå ein fast figur eller sett av akkordar, men Angulo imponerte verkeleg.

Etter planen skulle eg høyra på Suzan Veneman sextet, men då eg kom ned til Yenisei møtte eg ein ti meter lang kø utanfor inngangsdøra. Inne var det stappfullt. Det er hyggeleg for nederlandsk jazz at desse musikarane får eit så stort publikum, men det innebar at eg måtte finna anna å høyra på.

Trompetaren Theo Croker hadde eg plan om å «stikka innom». No blei det ein full konsert med plass på første rad. Det burde ikkje koma som ei overrasking, men det gjorde det verkeleg. Croker har så mykje av tradisjonen inne, men lar seg ikkje binda til tradisjonsmasta sjølv om bandet også varta opp med reinhekla bop. Bestefar til Croker var trompetaren Doc Cheatham og han har gått i trompetlære hjå Donald Byrd. Han hadde med seg Mike King (piano), Eric Wheeler (bass), Shekwoaga Ode (trommer) og ein på elektronikk som eg ikkje oppfatta namnet på (og som heller ikkje er nemnt i programmet). Dei framførte stoff frå dei siste utgjevingane «BLK2LIFE/A Future Past» (2021) og «Love Quantum» (2022). Høgdepunkta var «Jazz Is Dead» då dei fekk besøk på scenen av Kassa Overall og Gary Bartz og «To Be We». Croker er ein rappar med ein eigen evne til å kombinera det teksttydelege med det rytmiske slepne.

Den belgiske trombonisten Nabou Clearhout har med seg Roeland Gelis (gitar), Trui Amerlinck (bass) og Mathias Vercammen (trommer). Dei kallar seg Nabou og spelar stort sett komposisjonar av orkesterleiaren. I tillegg til trombonen brukar ho elektroniske effektar. Musikken spenner frå klangrike meditative melodistemmer på eit pulserande rytmisk underlag til meir rett-på-sak låtar innanfor den rommelege sekken mainstream. I solospelet er ho eit oppkome av idear (sjølv om ikkje alle er like overraskande), og konstruerer til dels lange solistiske passasjar utan at ho gjentek seg sjølv i nemnande grad. Gitaristen høve godt inn i lydbilete, og hadde nokre kor der inspirasjonen frå John McLaughlin kunne skimtast.

Sanne Rambags (vokal og perkusjon), Koen Smits (trompet) og Sjoerd van Eijck (piano) kallar seg Mudita. I utgangspunktet var musikken sterkt inspirert av norsk natur. Det kan ein høyra på debutplata «Listen to Th Sound of The Forrest», men Rambags har også høyrt på ein og annan norsk vokalist.

Konserten opna med ein lyrisk passasje med trompet og piano før Rambags kom inn. Ho kom inn med eit trøkk og eit drama som gav musikken ein heilt anna karakter. Uttrykket minte om ein miks av Sidsel Endresen, Mari Boine og Sajnkho Namtsjylak. Rambags nytta eit fabelspråk som fonetisk kunne minna om islandsk. Musikken hadde ei Zawinul’sk tilnærming til tradisjonen, dvs. ein brukar element som let bra i den samanhengen ein har trong for det. Kommunikasjonen dei tre i mellom var lydhøyr på grensa til det telepatiske.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Ambrose Akinmusire


Gary Bartz


Mudita


Nabou

Skriv et svar