Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Trommeslagarar i fokus

LJUBLJANA JAZZ FESTIVAL, LAURDAG 2. JULI 2016: Noko skal ein ha att for å ha konvertert til A-menneske. Solokonserten med Hamid Drake blei ei gripande spirituell reise mellom kontinenta framført med ein sjarm og ei innleving som berre Drake kan oppvisa. Han mønstra på kl. 11.00 på utescena. Han byrja med eit fritt assosierande stykke der elementa som kjenneteiknar Drake som trommeslagar reint teknisk, kom tett som hagl. I andre nummeret, ein afrikansk folketone, kopla dei frammøtte seg på for alvor. Den lange forteljinga, det enkle temaet og den enkle grunnrytmen blei krydra med eit oppkome av idear henta frå all verdas musikktradisjonar. Sjølv om eg ikkje skjøna eit ord av teksten, ynskte eg likevel at ‘forteljinga’ ikkje skulle ta slutt.

Denne kjensla blei forsterka då Drake gjekk over til denne storvaksne tamburinen som på engelsk går under namnet framedrum. (På eit tog til Beograd er det ikkje berre berre å googla seg fram til det norske namnet.) Han framførte noko han kalla «Hearts Beloved». Teksten var sett saman av tibetansk og arabisk (og kanskje meire med). Det er fascinerande å oppleva kva han får ut av eit enkelt perkusjonsinstrument, men her var det den spirituelle krafta i det samla uttrykket som greip lydarane.

Tidleg på ettermiddagen var det duka for ein verdspremiere: Gard Nilssens Acoustic Unity (med André Roligheten, saksofonar og Peter Eldh, bass) med Fredrik Ljungkvist som gjest. «A dream come true», sa Nilssen frå scena ved byrjinga av konserten. Han blei sannspådd.

Repertoaret dei framførte har i sin heilskap henta frå bandets Clean Feed-debut «Firehouse». Dei to blåsarane dobla på klarinett (Ljungkvist) og sopransaksofon (Roligheten), men det blei heller aldri meir av det same når dei båe spelte tenorsaks. Til det er uttrykket deira så veldig ulikt. Arrangementa var enkle og sikkert for ein stor del tekne på sparket, men det var likevel til tider som om Ljungkvist skulle vore fast medlem i bandet. Med Eldh må Nilssen ha funne sin perfekte sparringpartner. Publikum var klar for meir enn det eine ekstranummeret dei fekk.

Konserten kl. 16.00 skulle eigentleg vera med den norsk/portugisiske/slovenske trioen Velkro, men kona til Stephan Meidell fødde sju veker før termin og dermed måtte Meidell vera heime og vera far. Pedro Lopez med base i Berlin steppa inn på kort varsel. Utstyrt med nokre platespelarar og ein del andre elektroniske remediar laga Lopez spanande konsert i eit diffust grenseland mellom støy og impro.

Etter konserten baud Pedro Costa heile publikum inn på portugisisk sjømat-hermetikk, brød, grønnsaker og vin, også sistnemnde frå Portugal sjølvsagt. Når skal leiar for programnemnda i Molde eller på Voss gjera noko liknande?

Den første kveldskonserten var vigd til eit møte mellom di to pianomeistrane Eve Risser og Kaja Draksler. Det blei eit møte der klangutforsking stod i fokus. På første ‘låten’ stod dei to Steinway-flygla så langt frå kvarandre som mogeleg. Så flytta dei flygla saman, og dei byrja å jobba med andre klangaspekt ved instrumenta. Risser stod for det meste av modifikasjonane medan Draksler spelte på ei ‘rein’ utgåve av flygelet. Det var likevel noko av det Draksler gjorde som skapte det sterkaste inntrykket.

Med denne konserten var Ljubljana Jazz Festival 2016 over for mitt vedkomande. Slovensk jernbane har ikkje tilpassa togrutene til jazzkonsertar ut i dei små timar.

Ljubljana jazzfestival gav likevel meirsmak. Festivalen har eit spanande program og gode arenaer. Lydteknisk er dei heilt på høgd med det beste. Berre ved tre høve var ikkje alt på stell. Lyden var ikkje heilt i balanse i byrjinga på Matkovic-konserten, men det retta seg raskt. Monitoren datt ut på solokonserten til Lubomyr Melnik, og sikringane til ljosanlegget rauk ved eit par høve under konserten med Anna Högbergs Attack. Dette er likevel for småplukk å rekna. Vertskapet er venleg og hjelpsam. Kanskje kan fotoregimet handhevast med noko større konduite?

Programmet onsdag, torsdag og dels fredag kjem på sein ettermiddag/tidleg kveld noko som gjer det mogeleg å sjå både Ljubljana og omegn på dagtid. Byen er verd ei vitjing i seg sjølv, og det er omlandet også. Finn ein ikkje rimelege flybillettar til Ljubljana, kan ein fly inn til Zagreb eller Wien. Båe togturane til Ljubljana er ei oppleving.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.