Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Velsigna vere store ensemble

MAIJAZZ, STAVANGER, 13. MAI 2023: Stavanger konserthus: Sigurd Hole (bass) skreiv Roraima til Oslo World 2020 og premieren fann stad i Kulturkirken Jakob i Oslo 29. oktober. Musikken blei seinare utgjeven på plate og er henta frå denne konserten. Verket har fått tittel etter platåfjellet som ligg i grenseområdet mellom Brasil, Guyana og Venezuela, men musikken prøver på stillfare vis å vekkja oss og få augo opp for den økologiske katastrofen som er i ferd med å skje i det skogkledde slettelandet nedanfor fjellet – spesielt på brasiliansk side. Hole siterer David Bowie i omslagsheftet: «Tomorrow belongs to those who can hear it coming».

Verket er ein suite i 17 delar med sterkt varierande lengd. Hole blandar inn feltopptak av Bernie Krause og Stephen Vitiello. Krause bidreg med lydar frå regnskogen i Amazonas og Vitiello har gjort opptak med ein Yanomami-sjaman. Det er spesielt å lytta til at ensemblet improviserer til desse opptaka. Akkordeon og jaguar er ein fascinerande kombinasjon. Boka The Falling Sky: Words of A Yanomami Shaman av Davi Kopenawa og Bruce Albert har inspirert Hole og har gjeve titlar til dei ulike komposisjonane. Dette er eit gjennomarbeidd konsept, men Hole gav ensemblet spelerom til å setja sitt preg på verket.

På den store bakveggen på scenen blei det presentert ein relevant og fascinerande videostraum som gav eit apropos til musikken. Dette gav konserten ein tilleggsdimensjon som ikkje kan undervurderast. M.a. var det lagt inn noko som likna på norsk urskog og såleis understreka det globale verneansvaret. All honnør til Jan Erik Holto som stod for ljos og video. Det passar å leggja til at Audun Strype hadde ei minst like heldig hand med lydmiksen.

Hole hadde fått med seg bandet frå plata (med eitt unnatak) – Trygve Seim (saksofonar), Håkon Aase (fiolin) Helga Myhr (hardingfele og vokal), Tanja Orning (cello), Frode Haltli (akkordeon) og Knut Kvifte Nesheim (perkusjon). Sistnemnde erstatta Per Oddvar Johansen frå plata og gjorde det på framifrå vis.

Musikken blei framført i eitt strekk på vel 75 minuttar der ei mengd av regnskogens lydar innleidde det heile, men heile dette lydlandskapet går att i verket, gjerne i form av tolkingar frå medlemer i ensemblet. Hole har henta nokre tonar frå raudnebbtukanen som går gjennom verket som eit leiemotiv. Musikken skifter mellom rubato med vekt på klanglandskapet og pulserande sekvensar som gjerne gav eit ensemblemedlem høve til å skina som solist. På eit tidspunkt sette cello og bassen undergangsstemninga som like etter blei avløyst av ein melodisk sekvens som gav oss håpet attende. Ensemblet gav verket det dramaet og den dynamikken som låg i notebilete – og vel så det.

Etter ståande trampeklapp avslutta ensemblet konserten med ein ukrainsk voggesong.

Før konserten hadde dei noko dei kalla «Artist Talk» med Sigurd Hole og biolog Erik Steineger. Sistnemnde er også medgrunnleggjar av Regnskogfondet og døypte innleiingsvis seansen om til «komponist-preik». (I Stavanger meir enn nokon annan stad i landet er det verd å minna om at i Noreg snakkar og skriv me for det meste norsk.) Det blei uansett ein kort men opplysande seanse som gav oss bakgrunn for Hole si interesse for tematikken. Maijazz skal ha skryt for intelligent programmering. Fredag kunne me høyra Hárr med Benedicte Maurseth Ensemble og dagen etter Roraima. Båe verka har i stor grad samanfallande idégrunnlag, men har også mange musikalske ulikskapar. Artistpreik mellom Hole og Maurseth hadde vore på sin plass.

Kim Myhr og Kitchen Orchestra
Tou scene: Verket Hereafter til Kim Myhr (gitar og elektronikk) blei påbyrja før pandemien, men nedstenginga gjorde at Myhr og Kitchen Orchestra ikkje kunne byrja innstuderinga før i 2020. Dei nådde likevel å spela inn verket og halda premierekonsert, så det som gjekk føre seg i Maskinhallen på Tou scene i går, var andre gongs framføring. Kitchen Orchestra er eit flaggskip i musikklivet i Stavanger og gjer ei mengd spanande prosjekt.

Her er ambisjonen å vera ein reiskap for Myhrs psykedeliske musikalske univers. Det byrja famlande og nervøst, og musikken blei ikkje framført med den sjølvtryggleik og pondus som er naudsynt. Heldigvis endra dette seg raskt. Musikken blei strammare og meir rytmisk, og det heile fall på plass, sjølv om det også i framhaldet var mykje teljing og cue å halda styr på.

Signe Irene Time (vokal), Gunhild Seim (trompet), Petter Frost Fadnes og Arild Hoem (saksofonar), Gaute Vikdal (basstrombone), Nils Erga (bratsj), Jenni Witick (cello), Irene Tillung (akkordeon), Dag Egil Njaa (elektronikk), Øyvind Dale (tangentar), John Lilja (bass), Thomas Bang (bass og gitar), Ståle Birkeland, Dag Magnus Narvesen og Marius Munthe-Kaas (trommer) (eg tek atterhald om besetninga då denne ikkje var oppgjeve i programmet og oversikten på scenen ikkje var den beste) var framfor alt lyttande og gav dynamikk til musikken som i sin særeigne minimalisme i utgangspunktet kan verka noko statisk. Orkesteret viste ei førebiletleg evne til å vita når ein skal halda att og når ein skal gje på. Myhr på si side visste å spela på dei mange moglegheitene som den breie besetninga gav.

Diverre spelte ikkje Maskinhallen på lag i alle deler av konserten. Dei akustiske tilhøva er ikkje dei beste for deler av dette uttrykket, men det hindra ikkje at Myhrs intensjon og bodskap nådde oss.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Anders Lillebo (Sigurd Hole)
Foto: Photo: Victoria Varzari (Kim Myhr og Kitchen Orchestra)


Kim Myhr og Kitchen Orchestra

Skriv et svar