Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Irene Tillung vann Vossa Jazz-prisen 2022

Det er ikkje ofte Irene Tillung er skoren for tungebandet, men då ho fekk Vossa Jazz-prisen hjå fylkesordførar Jon Askeland i førekant av tingingsverket, var ho så sett ut at ho knapt fekk fram ein takk.

I grunngjevinga seier juryen m.a.: Vossa Jazz sin musikalske profil femner om jazz og folkemusikk. Årets vinnar er utdanna innan klassisk musikk, men har verkeleg blitt lagt merke innan norsk folkemusikk og har jobba med musikarar i mange sjangrar.

Til Vossa Jazz i fjor komponerte årets vinnar eit fantastisk verk som samla ni andre musikarar frå toppsjiktet innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk på scena. Det stjernespekka ti-mannsensemblet hausta gjetord frå både publikum og presse og synte ein dyktig komponist og akkordeonist som leverte eit mektig verk som gav rom for alle medmusikantane. Årets prisvinnar har også skrive teatermusikk, vore studiomusikar, laga filmmusikk og spelt med grupper som Tindra og MAAR – og turnert over store delar av verda. Og ho er frå Voss!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

Skriv et svar