Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Marilyn Mazur — og Chateau Neuf 50 år

Chateau Neuf blir 50 år, og Norges musikkhøgskoles storband speler konsert med ein av verdas store jazzmusikarar – Marilyn Mazur.

Fredag 3. september, kl. 19.00, Storsalen, Chateau Neuf, Oslo

Hausten 2018 gjorde Danmarks Radio Big Band ein stor hyllestkonsert med Marilyn Mazur som solist og komponist. Musikk frå heile karrieren hennar blei arrangert for anledninga, og alt frå handskrivne manuskript med kaffiflekkar frå tidleg 80-tal til heilt nye sibeliusfiler blei sende til Helge Sunde, som i tillegg til å lage arrangementa også laga ein avtale om at dei skulle spelast på Musikkhøgskolen sesongen etter.

Det sette pandemien ein brutal stoppar for, så dermed blei denne godbiten spart til denne kvelden. Marilyn har ikkje berre spelt med Jan Garbarek i 14 år, med Wayne Shorter og med Gil Evans – ho spelte óg med Miles Davis i ei årrekke, og nettopp han var nok det aller største namnet på Chateau Neuf sine første konsertplakatar, da han spilte her 9. november 1971.

Konserten med Danmark Radios Big Band blei også eksportert til Tyskland og gjennomført med NDR BigBand i Hamburg med sjefsdirigent Geir Lysne. Lysne dirigerer konserten denne kvelden. Det er derfor med stor glede vi nå inviterer til denne festkvelden her på Chateau Neuf, der vi presenterar ein av dei ypparste nordiske jazzmusikarane gjennom tidene!

Helge Sunde om samarbeidet med Marilyn Mazur
Rundt årtusenskiftet prøvde vi å invitere Marilyn Mazur til Sandvika til Storbandfestivalen og sende henne nokre demoar for å høyre om det var mogleg å samarbeide om å få arrangert musikken hennar. Til svar fekk vi «Han kan få lov!» med strek under mitt namn.

Då eg nokre år seinare skulle spele inn mitt første album, spurde eg om ho ville vere med å spele inn sin eigen låt frå dette samarbeidet … og kanskje nokre fleire? Det ville ho. Eg planla det slik at ho skulle stoppe i Oslo og komme innom Rainbow Studio på veg til Vestlandet på turné ein kald vinterdag den 4. mars 2005.

Eg hadde booka studio med Jan Erik Kongshaug ved sida mi heile dagen, og været viste seg også å absolutt vere på mi side: Snøen lava ned med hard vind og alle fjellovergangane mellom aust og vest var stengde. Da var det berre å spele vidare, og da vi var ferdige langt på kveld etter ein super dag med intens jobbing i hennar 360 graders perkusjonsoppsett, hadde ho spelt inn gull på kvart einaste spor på heile plata!

Desse opptaka vart utgjevne året etter på ACT som albumet «Denada» med Norske Store Orkester, seinare Ensemble Denada, med Olga Konkova og Marilyn Mazur. I åra som følgde blei det fleire plater og det blei turnéar i England, Tyskland og Østerrike.

Og nå altså, med stor glede, denne konserten!

Foto: Pressefoto/Frida Gregersen

Skriv et svar