Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

BJARTE EIKE & BAROKKSOLISTENE

«The Playhouse Sessions»
RUBICON

The Playhouse Sessions er ei naturleg oppfølging til The Alehouse Sessions frå 2017. Bjarte Eike og Barokksolistane har lenge hatt interesse for og gjort djupdykk i den undergrunnskulturen som oppstod i England og London spesielt i tida under det puritanske styret til Oliver Cromwell og tida som følgde. På mange skjenkestover (alehouses) heldt eit mangfald av kunstnarar til. Enkelt av desse stadane hadde scenefascilitetar og kunne minna om små cabaretscenar. I dette brokute miljøet oppstod det samarbeid på kryss og tvers av kunstuttrykk. Det er forvitneleg lesnad det Eike skriv om denne folkelege musikkulturen på heimesidene til bandet – kan lesast her.

Repertoar er sett saman av Henry Purcell, engelsk og norsk folkemusikk i tillegg til nokre stykke signert Eike sjølv. Heile 30 låtar er inkludert på plata fordelt på 15 spor med det til felles at det gneistrar av musiseringa.

Eit anna prosjekt i prosjektet har vore å sameina rørsler og korte tablå med musikken. Denne meldaren let seg begeistra av dei to konsertane eller framsyningane bandet hadde på Osafestivalen på Voss i fjor. Bandet har nådd eit nivå som er heilt unikt, og ein kan gjerne tenkja at det er paradoksalt at resultatet av ein slik prosess skal kunna spegla seg av på ei plate. Kvifor ikkje video? (På You Tube finst dette sjølvsagt.)

Faktum er at The Playhouse Sessions demonstrerer eit nærast telepatisk samspel med ein knivskarp presisjon ein rytmisk snert som er makelaus. Drama og historieforteljing er kopla med dei varaste og vemodigaste visene. Alt saman ledig framført i ein stram og gjennomtenkt regi. Dette er resultatet av metodikken og framføringspraksisen deira. Resultatet av alle timane i øvingslokala og på scenane viser seg på denne plata – eit meisterverk rett og slett!

Lars Mossefinn

Bjarte Eike (vio, v), Berit Norbakken (v), Fredrik Bock (g, charango, v), Hans Knut Sveen (cembalo, trøorgel, v), Helge Andreas Norbakken (perc, v), Johannes Lundberg (b, v), Judith-Maria Blomsterberg (c, v), Milos Valent (vio, v), Per Buhre (v, viola), Steven Player (g, v) og Thomas Gutrie (v, vio)

Skriv et svar