Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ELINA DUNI QUARTET

«Dallëndyshe»
ECM 2401

«Songs of love and songs of exile. Aren’t these the core of all folk songs?» Slik spør albansk fødde Elina Duni retorisk i omslagsheftet på hennar andre ECM-utgjeving. Det samla inntrykket ein sit att med etter å ha lytta til plata eit halvt dusin gonger er at Duni nok har eit poeng. Den 34 år gamle vokalisten flytta i 1991 til Sveits og bur no i Genève og har hatt kvartetten gåande i ein tiårsperiode. Valon og Pfammatter har vore med heilt frå starten.

Dei tolv låtane har opphav på Balkan. Sju låtar er tradisjonelle albanske folkesongar. Tekstane er attgjevne i omslagshefte – både på originalspråket og i engelsk omsetjing gjort av Kozi Nasi. Tematikken krinsar i stor grad rundt kjærleik og lengt eller kjærleik og fråskiljing. Unnataket er den livsbejaande «Ti ri ti ti Klarinatë». Duni framfører tekstane med ein kontrollert intensitet, og sjølv om språket er ukjent for meg, når kvar einaste staving fram. Dei diskrete og attendehaldne arrangementa, som er gjort av kvartetten i fellesskap, set teksten i relieff.

Arrangementa framhevar ikkje berre teksten effektivt, dei er også med framheva det harmonisk tvitydige og det rytmiske potensialet i desse folketonane. Å skapa rytmisk og harmonisk spenning skapar ei kjensle av noko uforløyst, men i denne samanhengen er det å rekna som ein kvalitet utan hefte. Det ligg i korta at låtmaterialet ikkje er springbrett for lange improviserte parti, men Valon får høve til å markera seg fleire gonger. Duni vartar opp med albansk scatsong, men framfor alt står den enkelte låt i sentrum tolka av ein lydhøyr trio og ein vokalist med mykje på hjarte og ei framifrå evne til å formidla bodskapen.

Lars Mossefinn

Elina Duni (v), Colin Valon (p), Patrice Moret (b) og Norbert Pfammatter (dr)

Skriv et svar