Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JAN OMDAHL

«Afric Pepperbird – 1970»
NORSKE ALBUMKLASSISKERE, ISBN NABOK020

Få plater (om nokon i det heile) fortener tittelen albumklassikar betre enn Afric Pepperbird. Jan Omdahl har gjort ein fin jobb med å forklara kvifor. Gjennom gode 150 sider tek forfattaren opp ulike aspekt ved plata som blei spelt inn 22. og 23. september 1970 i Arne Bendiksen studio og kom ut i Tyskland på platemerke ECM i desember same år. I Noreg blei ikkje plata distribuert før eit halvt år seinare.

Dette er ikkje berre ei soge om korleis denne unike innspelinga kom i stand og blei gjennomført, men er også eit tidsbilete inn i ei kulturhistorisk brytningstid. Omdahl plasserer Afric Pepperbird inn i denne epoken både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom teksten kjem forfattaren si eiga daningsreise fram. (Forfattaren var ni år då plata blei innspelt.)

I følgje Omdahl er ikkje Afric Pepperbird det kunstnarlege høgdepunktet for verken Jan Garbarek, Arild Andersen og Terje Rypdal. Alle tre har spelt inn plater på ECM som på meir heilskapleg vis representerer eit kunstnarleg peak i karrieren. Jon Christensen, som var såkalla «sideman» i alle år, har innspelingar både på ECM og andre merke som overgår denne plata. Det er likevel nokon med dei historiske omstenda som gjer Afric Pepperbird unik. Det er den sjuande ECM-plata, men den første der radarparet Eicher/Kongshaug samarbeidde. Omdahl treffer spikaren på hovudet når han peikar på dette samarbeidet som hovudforklaringa på at så mange ECM-plater blei spelt inn i Oslo. Studioet til Bendiksen og flygelet var vel eigentleg ikkje attraksjonar i seg sjølv, men Kongshaug var unik, og kjemien mellom Eicher og Kongshaug må ha vore særs god.

Både Kongshaug, Christensen og Andersen har vore viktige kjelder. Gjennom pennen til Omdahl står alle tre levande fram. Forfattaren legg ikkje skjul på at det gjer vondt at han verken fekk Garbarek eller Rypdal i tale, men elles har Omdahl fått med seg det meste som er skrive om plata.

Afric Pepperbird er ei viktig utgjeving. Jan Omdahl overtyder oss om kvifor ho er det.

Lars Mossefinn

Skriv et svar