Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JOHAN HAUKNES OG HARALD OPHEIM

«Fra mirakelet til tempelet – Residerende artister i Molde gjennom tjue år»
ABSOLUTT FORLAG
ISBN: 978-82-999975-9-1

Då Chick Corea og det som seinare blei Trondheim jazzorkester hadde gjennomført «mirakelkonserten» 18. juli i 2000, var dei ikkje klare over at dei hadde innleia ein tradisjon som skulle bli ein av dei viktigaste i norsk jazz, nemleg ordninga med residerande artist på Moldejazz. Etter meir enn tjue år med ei slik gjestemusikarordning er det vel berre tingingsverket ved Vossa Jazz som har ein liknande status i norsk jazz.

Soga om fenomenet residerande artist på Moldejazz (AiR), «Fra mirakelet til tempelet», er ført i pennen av Johan Hauknes og bileta er tekne av Harald Opheim. Den 288 sider store boka er delt inn i åtte kapitel og er forsynt med fire vedlegg, namne-, stikkord og fotoregister samt eit instruktivt føreord.

I føreordet understrekar Hauknes sterkt at dette ikkje er sjølve soga om AiR på Moldejazz, men fleire soger om fenomenet. Det subjektive og sjølvopplevde ved dei i alt 134 konsertane står sterkt og er tvillaust ei av dei sterkaste sidene ved boka. I det sentrale andrekapitilet går Hauknes gjennom dei 19 første residerande-programma med sine eigne opplevingar som gravitasjonssentrum, men han slepper til mange andre perspektiv. Ei flittig brukt kjelde er festivalavisa Fire flate. Hauknes stimulerer det kollektive minne. Sjølv har eg vore på mange av desse konsertane, og lesinga av dette kapitlet gav meg mange aha-opplevingar. Eg vil tru at festivalgjester og radiolyttarar vil få sine déjà vu. (I omtale av avslutningskonserten i prosjektveka til Håvard Wiik i 2004 skriv Hauknes: «Den nederlandske cellisten Ernst Reijseger så på med forbløffet hakeslipp [at Arve Henriksen, Håvard Wiik, Jarle Vespestad og Stian Carstensen musiserte], og bidro så godt han kunne. Det kunne virke som han aldri hadde sett noe lignende, …». Hadde Hauknes hugsa på at Ernst Reijseger var med på urframføringa av «Backwards into The Backwood» på Fraktgodsen på Vossa Jazz i 1998, hadde han sikkert ordlagt seg annleis.

Dei fire påfølgjande kapitla er intervju med dei fire festivalleiarane som har hatt ei hand med ordninga frå festivalen si side, Thorstein Granly, Jan Ole Otnæs, Anders Eriksson og Hans-Olav Solli. Flaks og uflaks spelar ein større rolle i fotballen enn mange likar å tru, spør du Drillo. Etter å ha lest dei fire intervjua, skjønar ein at dette gjeld programmering av jazzfestivalar også. Dei fire festivalleiarane byr på små glimt inn på bakrommet.

Hauknes har gjort det til eit sentralt poeng at boka fortel ulike soger om AiR på Moldejazz og med ulike perspektiv. Sjangermessig er boka ein hybrid. Etter eit intervju med AiR-artist i 2019, Gard Nilssen, kjem ein 72 sider lang fotoreportasje. Boka er såleis ei sakprosa- og fotobok. Intervjuet med Nilssen er interessant, og Opheim har levandegjort Nilssens vekelange prosjekt i 2019 på ein fin måte. Kombinasjonen intervju og fotoreportasje fungerer bra, men det etterlet også ein stort men – kvifor er biletutvalet i boka elles så sparsamt og stussleg? Det må då finnast nøgda av bilete frå Fire flate-redaksjonen som kunne illustrert dei mange fine karakteristikkane til Hauknes i andrekapitelet.

Likevel har dette blitt ei bok som set AiR på Moldejazz inn i eit kulturpolitisk og -historisk perspektiv. Hauknes har historikarens evne til språkleg presisjon og jazzjournalisten og kritikarens metaforrike uttrykksform. Ser ein stort på det, er soga om AiR på Moldejazz skriven – i alle fall førebels.

Lars Mossefinn

Skriv et svar