Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JULIAN SARTORIUS

«Zatter»
INTAKT RECORDS CD 242

Den sveitiske perkusjonisten Julian Zartorius er aktuell med solo-CDen «Zatter», som på Bern-tysk betyr rot (dvs. uorden). Det skal seiast at Sartorius har full dekning for tittelen – utan at dette er meint negativt.

Sartorius er kanskje mest kjend som medlem av Colin Vallon Trio. ECM-utgjevinga i fjor, «Le Vent», bør ha opna ein del augo, men Sartorius har ein rikhaldig diskografi som går attende til 2006. I 2013 gav han ut ein boks med 12 LPar og ei fotobok – båe med tittel «Beat Diary».

Ein kan høyra at Sartorius har jobba med både sampling og elektronikk, men på denne plata har han vore trufast mot den tanken som låg til grunn for innspelinga – musikken skulle spelast inn live  utan pålegg, redigering og elektroniske effektar.

Med få unnatak (som «Maali», der det musikalske forløpet er meir imponerande enn interessant) har han lukkast i å skapa musikk som på langt nær berre er for perkusjonsfolket.

Musikken kan for ein del rubriserast som støy, medan andre deler høyrer til i grenseområda av den tonale sfære. Perkusjonsinstrumenta blir i desse samanhengane brukt noko meir konvensjonelt. «Trapp» med sin kombinasjon av klokker og trommesett er eit kreativt eksempel på dette. Samklangen mellom dei dempa cymbalane og ditto klokker er fascinerande. Det er eit gjennomgåande trekk i den delen av CDen som er tufta på ein meir konvensjonell bruk at perkusjonen at det er svært klare, til dels enkle idear som blir gjentekne med små endringar, men med desto sterkare klanglege kontrastar.

I samband med denne meldinga har eg spelt i gjennom alle 14 spora, men i framtida vil eg ta inn denne CDen i mindre dosar. Likevel har Sartorius overtydd meg, og eg er klar for neste utgjeving.

Lars Mossefinn

Julian Sartorius (dr, cymb, gummiballar, spanske geitebjøller, gongar, vibratorar, ‘lydbollar’, bullroarer (turndun), shrutiboks, trestokkar, klokkespel, kalimba, røyr og metall)

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.