Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

OLE AMUND GJERSVIK & TORE HEGDAHL

«My Old Flame»
ACOUSTIC RECORDS

Ole Amund Gjersvik er eit velkjent namn i det bergenske jazzlivet og har delteke på ei mengd innspelingar, mange av dei utgjevne på Gjersviks eige platemerke Acoustic Records. Utanfor bygrensene er nok Tore Hegdahl eit meir ubeskrive blad, men han er kantor i Årstad kyrkje og steller til dagleg med kyrkjemusikk. I tillegg til å vera organist og kordirigent er han også ein fin akkompagnatør innan fleire sjangrar.

Duoen har samarbeidd ein del år og gav i 2019 ut studioinnspelinga «Goodbye». I fjor kom det ut to plater med konsertopptak frå ymse kyrkjer i Bergen. Konseptet er i stor grad sams for alle utgjevingane – repertoaret her henta frå ulike komponistar, sjangrar og tidsepokar. I tillegg bidreg båe med eigne låtar. All musikk går i balladetempo. Det er noko stillfare og ettertenksamt over uttrykket.

Som platetittelen indikerer er Arthur Johnstons klassikar frå 1934 med. Det er også Portugals vinnar av Eurovision Song Contest i 2017 «Amar pelos dois» skriven av Luísa Sobral og Henry Purcells kjente arie frå operaen «Dido og Æneas»; eit breitt mangfald, m.a.o. Det som sameiner utvalet er den kontemplative stemninga.

Sjølv om temaet i låtane har ein sentral plass tolkingane, er det rom for korte improvisatoriske innsmett. Det er i første rekke Gjersvik som står for desse augneblinka – ofte kombinerer han vokal og bass.

Duoen har gjort innspelinga i Årstad kyrkje i eitt opptak med berre litt redigeringsarbeid i etterkant. «My Old Flame» er ei heilstøypt utgjeving frå ein duo som tydeleg trivst i kvarandres selskap.

Lars Mossefinn

Ole Amund Gjersvik (b), Tore Hegdahl (p)

Skriv et svar