Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

STEIN URHEIM

«Utopian Tales»
HUBRO HUBROCD2585

Musikken på denne plata blei urframført på Vossa Jazz 20. mars 2016. Ein av kritikarane avslutta meldinga si med «Denne musikken må ut på plate så fort som mulig!» 17 månader er ei akseptabel ventetid, og Urheim har saman med Brunvoll (ho måtte melda forfall til konserten på kort varsel) og Træen brukt tida godt. «Travelling with The Natural Cosmolodic Orchestra» er blitt til «Utopian Tales» med pålegg av sampling og elektronikk.

Sjølv om innpakkinga og finpussen etterlet eit meir heilskapleg inntrykk, og gjev det heile eit sterkare ‘verkpreg’, er likevel livekjensla til stades i mykje av musikken, og det talar så avgjort til innspelingas fordel. Det komponerte og det improviserte balanserer fint. Det gjer også elektronikken og dei akustiske instrumenta.

Urheim er ei original stemme både som komponist og gitarist, og tekstane i innleggsheftet tyder på at Urheim trygt kan dyrka den delen av talentet sitt meir. «The Cosmolodic Orchestra» er eit stjernelag, og det hadde vore stas å fått meir av bandet i fri dressur, men låtane «Letter from Walden Two» og «Trouble in Carnaticala» gjev oss eit pulserande og drivande musikalsk strekk som syner kva som bur dette bandet, og det må vera lov å dra fram det drivande trommespelet til Kåre Opheim som sjølve rosina i pølsa. Unn deg ein ekskursjon i fantasiverda til Stein Urheim!

Lars Mossefinn
Stein Urheim (g, v, tamboura, tyrkisk tanbur, b, samp, elec), Per Jørgensen (tp, v), Kjetil Møster (s. bcl, elec), Ole Morten Vågan (b), Kåre Opheim (dr, perc), Mari Kvien Brunvoll (v, samp, elec), Jørgen Træen (synth, eff)

Skriv et svar