Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

TIM BERNE’S SNAKEOIL

«You’ve Been Watching Me»
ECM 2443

Tim Berne har utvida Snakeoil med gitarist Ryan Ferreira sidan sist. «Shadow Man» var så avgjort ei vellukka innspeling, men det er gledeleg å slå fast at Berne med denne utgjevinga tek nye steg. Det ligg ein sterk kompositorisk ambisjon og evne til grunn, og gitarist Ferreiras bidrag blir effektivt utnytta, noko ein allereie merkar på opningslåta «Lost in Redding» der Ferreira og Oscar Noriega på bassklarinett bidreg med eit kontrastfylt mellomspel. Breidda i instrumentariet er ein viktig ressurs for Berne, og han brukar heile spekteret. Ches Smith sitt vibrafonspel i den lange og suiteprega «A Small World in A Small Town» er absolutt verd å nemna i denne samanhengen.

Berne vekslar heile tida mellom fullt ensemble og deler av det. I «Embracable Me» er denne vekslinga eit grunnleggjande verkemiddel, men også det elektroniske i kontrast eller samklang med det akustiske. Låten får ein nærast hypnotisk utgang.

Plata har betydelege kvalitetar på dei fleste omkverve, og improvisasjonselementet er sentralt om ikkje tidsmessig dominerande. Alle orkestermedlemmer leverer solide bidrag, men her har det improvisatoriske ein integrert funksjon i Bernes overordna visjon. Tim Berne’s Snakeoil er verd å få med seg både live og på plate!

Lars Mossefinn

Tim Berne (as), Oscar Noriega (cl, bcl), Ryan Ferreira (g), Matt Mitchell (p, elec), Ches Smith (dr, vib, perc, paukar)

Skriv et svar