Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

TOR HAMMERØ

«Arild Andersen – A Molde Concert»
NORSKE ALBUMKLASSIKERE, NABOK026

Gjenutgjevingsserien Norske albumklassikere driven fram den utrøyttelege Christer Falck har fått ein avleggar i ein bokserie med same namn. Talet på CD-utgjevingar har passert 350, og fleire er i emning. Bøker er det blitt 45 av så langt.

CD-serien er eit viktig kulturhistorisk arbeid sjølv om det sikkert er delte meiningar om kva som fortener merkelappen klassikar. Om bokserien har like høg kulturhistorisk verdi, skal eg ikkje ha sagt noko sikkert om. Eg har berre lest boka til Tor Hammerø om Arild Andersen si live-plate frå Moldejazz 1981.

Boka har eit format på 12×18 cm, har omlag 110 sider tekst og ein illustrasjon bortsett frå framsida. Illustrasjonen står på side 4 og er ein faksimile av eit VG-oppslag 3. august 1981 om konserten neste dag – konserten som skulle bli plate (og seinare CD) på ECM.

Hammerø presenterer sin eigen rolle som festivalmedarbeidar og ansvarleg for musikarvelferda til dette bandet, eller MR (musicians relations) som det heiter på Moldedialekten. Gjennom intervju med Andersen og Frisell får Hammerø fram utviklinga av prosjektet frå idé til ferdig framført produkt. Mouzon og Taylor gjekk bort i høvesvis 2016 og 2015. Også arrangørperspektivet er med gjennom intervju med dåverande styremedlem og prosjektansvarleg Arve Hansen. To, ikkje tilfeldig utvalde publikummarar, Frode Alnæs og Jan Ole Otnes ser også attende. Det gjer også dei to NRK-teknikarane Tore Skille og Per Ravnaas. Artig mimring om mikrofonval og -plassering!

Resten av boka, dvs. helvta, er eigentleg skriven av 16 andre bidragsytarar. Ketil Bjørnstad og Tore Johansen skriv kvar sin tekst som sjangermessig er mest i slekt med eit personeleg essay, og 14 musikarar svarar på sju spørsmål om musikken på plata og eit spørsmål om kva Andersen ev. dei andre musikarane har betydd for dei.

Denne delen er artig å lesa fordi det er så mange ulike aspekt ved musikken som blir dregen fram. Ev. atterhald vert formulert svært diplomatisk, men i den grad ein kan lesa ut av svara frå dei 14 ei viss usemje, så er om bidraga til Mouzon. Om Arild Andersen er det berre ei meining – han har betydd mykje for mange over lang tid at det berre er å bøya seg i hatten. Det er eit fint grep å la dei 16 musikarane skriva svara sjølve, sjølv om nokon klart er meir ordhage enn andre, så skapar dette autentisitet og truverd.

Hammerø er glad i passivkonstruksjonar og innskot, men skriv lett og klart. Det hadde sjølvsagt vore ynskjeleg med fleire illustrasjonar og konkret musikalsk analyse, men då hadde ein snakka om eit heilt anna budsjett. Å lesa boka med plata på stereoanlegget gav ei god oppleving. Eg prøvde å minnast attende. Kva hugsa eg av konserten? Hang ikkje cymbalane til Mouzon vanvitig høgt? Konserten var i alle fall sabla god, men det tykkjer eg om alle konsertar med Arild Andersen.

Lars Mossefinn

Skriv et svar