Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Impro i alle variantar og russisk publikumsfrieri

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, 29. MAI 202:3 AmViehtheater am Rodelberg kl. 13.00: Maya Dunietz (piano) (hovedbilete), Henry Cow-legenden Tim Hodginson («ein-strengs» lap steel, perkusjon og klarinett) og Chris Cutler, også Henry Cow-medlem (trommer) opna den siste festivaldagen med ein konsert som hadde det meste. Ikkje like heilskapleg velformulert som Propan dagen før, men konserten blei ein guida tur ut i eit lydlandskap som berre det heimelaga arsenalet av perkusjonsinstrument Hodginson hadde med seg, kunne skapa. Torevêret Dunietz innimellom skapte på flygelet tilførte eit frigjerande drama til konserten, og når den same Dunietz gjekk til åtak på flygelstrengene med isskrape eller sparkelspade (?), fekk ev. pianostemmarar blant publikum vondt langt inn i ryggmargen. Chris Cutler farga musikken, men hadde nokre strekk med ein underliggjande groove.

AmViehtheater am Rodelberg kl. 15.10: Hydra Ensemble er sett saman av sveitsiske Nina Hitz og kroatiske Lucija Gregov (cello) og ensemblegrunnleggjar og hovudkomponist Goncalo Almeida (bass) kjem frå Portugal. Dei bur no alle i Rotterdam. Robert Kroos (elektronikk) erstatta Rutger Zuydervelt ved dette høve. Ensemblet skapar eit musikalsk vev som i stor grad er prega av dei klanglegerenningane dei tre strykeinstrumenta utgjer, men også utvida med bidraga frå elektronikken.

Dei innleidde minimalistisk med ein droneliknande sekvens før dei to celloane skilde lag og gjekk over i eit strekk med kollektiv improvisasjon. Konserten pendla mellom det kontemplative og ekspressive. Eg sat likevel att med inntrykket at Kroos heller var femte enn fjerde hjul på vogna. Vikarrollen får ta skulda for det.

Annex kl. 16.00: Virginia Genta (saksofonar), Otto Willberg (bass) og David Vanzan (trommer) spelte klassisk avant garde i ein post-Coltranetradisjon. Genta var spesielt interessant i dei mest ekspressive partia der den ailerske inspirasjonen var tydelegast. Sterkast inntrykk gjorde likevel Willberg. Han hadde stadig overraskande tilnærmingar til komprollen, og det funka heile tida. Eg fekk med meg litt av den påfølgjande konserten med Gebhard Ullmann (tenorsaksofon), Nina Hitz (cello) og Goncalo Almeida (bass), men ikkje nok til å formidla eit inntrykk.

AmViehtheater am Rodelberg kl. 18.40: Russiske Aleksej Kruglov (altsaksofon), Karina Kozhevnikova (piano og vokal) og Petr Talalai (trommer) blei annonsert frå scenen med ein svulstig programtekst som drog linjene attende til Arkhangelsk, ikkje heimbyen til Kruglov, men bandet med same namn. Ikkje nok med det. Linjer attende til Odyssevs blei dregne. Pompøsiteten låg skoddetjukk over festivalområdet. Ikkje eitt ord om at heimlandet hans hadde gått til åtak på Ukraina. Kruglov, som har teke opp arven frå Ganelin Trio og bandet Arkhangelsk, strålte om kapp med sola og tykte det var «nice to be in Moers». Han innleidde med det folk var komne for å høyra før han la seg på rygg på scenen og spelte og Kozhevnikova heldt mikrofonen slik at ingen skulle gå glipp det fantastiske han hadde å seia.

Kruglov fridde uhemma til publikum og la like godt inn ei tolking av eit Ligetistykke for godt mål. Ikkje eitt ord om Ukraina. Eg sendt ein SMS til festivalleiinga: «Why do you book russian artists?» Svaret kjem i ein kommentarartikkel, men dette blei Moers 2023 for meg. Alt i alt supert trass i ein absurd slutt.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: André Syrmann, Nils Brinkmeier, Lars Schmidt


Maya Dunietz, Tim Hodginson og Chris Cutler


Hydra Ensemble


Virginia Genta, David Vanzan, Otto Willberg

Skriv et svar